
Opning laurdag 5. juli.
Fiolinisten Wiggo Dahl spelar.
Presentasjon av kunstnarane.
Servering av jordbær og Mosell
Inntektene frå sommarutstillinga går til å sikre drift av Stiftinga Bø prestegard.
Jonny Andvik
Kunstnaren bur i Kragerø. Han målar, teiknar og arbeider med grafikk.
Andvik omtaler seg sjølv som ein målar i tradisjon etter Nerdrum. Det klassiske, figurative uttrykket har han utvikla til å bli ein av dei fremste i Skandinavia. Andvik står ute og målar landskapsbilda sine i allslags ver. Han jakter alltid på det beste uttrykket. Fordi han investerer mykje tid i kvart bilete, vil han at det skal fortelje noko og gje meining for sjåaren. Naturen er mykje meir mektig enn vi trur, og bildet kan få oss til å oppdage den på nytt.
Andvik har gått på skulen for grafisk formgjeving på Lille Ulefoss. Han har også studert på Exeter Collage of Art & Design i England i fire år. Kjent er det også at han har vori elev hos Odd Nerdrum. Han har delteke på mange utstillingar i inn- og utland.
www.andvik.com
Alexander Stub
Kunstnaren held til i Bergen. Han har utvikla seg til ein meister i linoleumssnitt, ein teknikk som er i slekt med tresnitt.
Stub sine arbeid syner ein karakteristisk bruk av sterke fargar og kontrastar. Han seier: «Naturens lys og former har alltid fasinert meg. Jeg bruker mye tid på fjellet gjennom alle årets tider. Særlig våren fasinerer meg, med snøsmelting og alle kontrastene som da kommer fram. Minner og inntrykk tar jeg med meg». I atelieret blir skisser overført til linoleumsplater og strekane blir skore bort. Kvart bilete kan ha tre til fire fargar. I enkelte bilete har han ønskt å få mest muleg ut av få fargar. Opplaga er små, som regel 25-35 eksemplar.
Stub er utdanna frå kunstskolen i Bergen og har hospitert i to år på ein grafisk verkstad. www.alexanderstub.no
Lene Aabjørnsrød
Kunstnaren bur i Skien. Det er andre gongen ho stiller ut i prestegarden.
Aabjørnsrød har dei siste åra hovudsakeleg arbeidd med grafikk i form av DGA (Digital Grafic Art) og silketrykk med teikning som utgangspunkt. Men ho eksperimenterer også med foto og tresnitt. Gjennom klare fargar og ord formidlar ho noko menneskeleg i bilda sine.
Kunstnaren er utdanna adjunkt og har grunnfag i Kunst og håndverk. Ho er medlem av NFUK. I 2012 fekk ho Telemarksutstillinga sitt arbeidsstipend og har vore med på fleire utstillingar. www.lenekunst.no
Linn Sigrid Bratland
Smykkelagaren kjem frå den lille bygda Haukeli, heilt øvst i Telemark. Nå har ho flytta til Lillesand.
Bratland jobbar med metall og emalje – ein stad i grenselandet mellom kunst, design og tradisjon. Det enkle formspråket er inspirert av fjell og vidde, hav og kystkultur. Ho har utvikla feire smykkekonsept og nye kjem til. Det nærast minimalistiske formspråket vekkjer merksemd også utanfor våre landegrenser – i land som Italia, Nederland, USA og Japan.
Bratland har bachelor og mastergrad i folkekunst og metall, og doktorgrad i tradisjonskunst og teknologi ved USN i Rauland. www.linnsigridbratland.com
Jan Westeren
Kunsthandverkaren bur i Skien og dreiar bollar i tre.
Westeren begynte med tredreiing då han gjekk av med pensjon. Handverket har han lært av kona (Ingebjørg Neset). I starten var det mest bjørk og alm han brukte. Dei seinare åra har han også brukt valbjørk. Denne veden har eit vakkert mønster som kjem best fram etter farging eller oljing. Han fargeset med gjennomsiktige fargar som Herdins vattenbeis, batikkfargar eller tekstilfargar. Fargane blir forsegla med lakk eller olje.
Ingebjørg Neset
Kunstnaren bur i Skien og stiller her ut smykke i tre.
For mange er ho kjent som tredreiar og rosemålar. Ho dreiv med det på heiltid på Møsstrånd i Vest-Telemark. Ho var oppteken av form og funksjon og å utvikle eit personleg uttrykk som rosemålar.
Her på sommarutstillinga møter me ein kunsthandverkar som fortsett er glad i å arbeide med tre. Ho dreiar, og set saman delane til vakre smykke. Dei blir beisa i fargar som får fram livet i treet. Ofte lagar ho sett med halskjede, øreheng og armband som høyrer saman.
Neset er utdanna agronom. Ho har gått på rosemålarskule på Sand og dreiekurs hos Johs Rieber.
www.instagram.com/smykkeritre/
Lisbeth Vågøy
Keramikaren held til i Fredrikstad der ho driv Bistels Brenneri. Ho syns det alltid er fasinerande å skape noko «levande» ut av ein klump med leire.
Her er ho representert med fleire fiskehue til å henge på veggen. Dei er fantasifulle, har fleire menneskelege trekk og masse humor i uttrykket. Ho har laga desse i grov steingodsleire og utforskar kva glasuren kan gjera for uttrykket. Dei blir brende ved ekstra høg temperatur.
Vågøy har spesialisert seg på modellering av dyr. Uttrykksfulle hundar i ulike fasongar og situasjonar har blitt hennar varemerke.
Ho har vore med på fleire utstillingar og marknader og sel over heile landet. BistelsBrenneriKeramikk på Facebook
Martha Bjelland Bø
Keramikaren bur i Bø og har vori med på sommarutstillinga på prestegarden i mange år.
Bjelland Bø arbeider i steingodsleire og teknikkar som dreiing, gipsforming og skulptur. Ho brukar ofte gamle dukar, gardiner og funn frå naturen til å få fram struktur på overflatene. Glasuren lagar ho mest sjølv av naturlege oksydar som fargestoff. «Å skape er motivasjonen, å se det kan brukes er drivkraft. Det er tilfredsstillende å se at noen koser seg med koppen, ser kunsten i skulpturen, eller serverer nydelige retter på fatet», seier keramikaren.
Alle koppar og fat er giftfrie og toler vanleg oppvaskmaskin.
Bjelland Bø er utdanna faglærar i estetiske fag med keramikk og teikning/bilete som årseiningar.
Àrdeo keramikk på Facebook
Anne Kathrine Munkejord
Glassblåsaren driv Glasshytta i Vivesta som ligg i Tønsberg kommune.
Munkejord sin viktigaste inspirasjon er åkrane, skogkledde åsar og skiftande fargar i Vestfold. Ho seier vi treng noko vakkert rundt oss for å meistre kvardagen.
Det varme og mjuke glaset stivnar raskt. Difor må ho kjenne flyt i arbeidet når glaset skal bli blåst, forma, og varma opp om og om igjen. «Alle mine glass blir blåst og formet for hånd, så ingen blir like. Men håndverkeren i meg streber etter nøyaktighet og presisjon… Jeg liker å lage glass som skal være en nytelse for øyet, behagelig å holde i og samtidig funksjonelle i bruk», seier ho. Dei fleste av glasa blir produserte i seriar.
Munkejord har fagbrev frå Hadeland Glassverk.