Sommarutstilling 6. til 21. juli

Offisiell opning laurdag 6. juli kl 14.

Elles ope kvar dag frå 12-17.
Kafè med mellom anna fru Kofods eplekake.

Om kunstnarane:

Kunsthandverk

Ingrid Askeland
Askeland er fødd i 1975, og har vakse opp i Bø.
Hovudfag i visuell kunst (keramikk) m m.  i 2005.
Askeland har delteke på mange  separatutstillingar og gruppeutstillingar i inn- og utland.
Kunsten hennar er kjøpt inn av m a Nasjonalmuseet, Innkjøpsfondet for norsk kunsthandverk, Bø kommune o fl . Ho har gjennom åra fått mange stipend og utmerkingar.
Askeland arbeider med populærkulturelle objekt som kunstnaren meiner representerer det åndelege og moralske forfallet, som tek utgangspunkt i fylla.  Brukarvenlege, men samtidig lite nyttige flasker og ølkorkar blir forvandla til overdimensjonerte nips i brukskunstmaterialet keramikk. I likhet med antikkens greske vasar, som ofte fungerte som behaldarar for vin, er også ølflaska eigna for vasemåleri.

Martha Bjelland Bø
5 års utdanning ved HIT avd. Notodden. Utdanninga inkluderer ei årseining i teikning/bilde og ei årseining i keramikk.
Starta Ardeo keramikk i 2005.
Kunstnaren arbeider i steingods og lagar glasuren sjølv. Ho brukar reine oksydar.
Produkta er i hovudsak dreia koppar, skulpturar og fat.  Alle koppane kan vaskast i oppvaskmaskin.

Rita Dammen
Rita Dammen er 42 år og har vore gullsmed i 21 år av desse.
Ho er utdanna ved Elvebakken og har hatt si læretid hos Øiesvold på Jessheim.  Dammen fekk Svennebrev i 1998. Ho har nå eigen verkstad i utkanten av Kongsberg og let seg inspirere av elementa i omgjevnadene. Dammen følgjer ikkje motar og trendar. Ho  ønskjer at smykkene skal opplevast som noko personlege og lett gjenkjenneleg. Organiske former og tradisjonsbundne røtter setter sitt preg på smykkene. Kunstnaren  brukar ofte sageteknikk for å få fram dei mønstra ho ønskjer.

Eva Langhelle :
Veskene: Tanken til kunstnaren er at veskene skal fungere som dekorative smykke.

Materialbruk: Ull, silke, lin/viskose. Veskene er sydde med maskin, men all dekor er håndbrodert.

Ellen Iris Lindvåg
Utdanna faglærar i forming. I det tidlegare eldhuset på garden, Jore i Tokke har ho skrivestue og verkstad. Arbeidet med englane er eit «gledes – og overskuddsprosjekt». Englane er fargerike og leikne. Dei er forma i leire og dekorert for hånd med decoupage og /eller måling. Ho brukar gamle knappar og smykkedelar og fjær frå eigne høner eller villfugl. Hovuda er av glas eller stein, og vingene er forma av sølvtråd.

Gunnbjørg Listog
52 år og utflytta bøhering.  Utdanning frå Pluss skolen i Fredrikstad. Skolen la stor vekt på kreativ utfalding. Starta eigen verkstad etter utdanninga. Kunstnaren likar at det sarte møter det røffe. Blomar har fått ein stor plass i kunsten. Dei er ofte kombinerte med røffe overflater og ulike strukturar. Ordførarkjedet til den nye kommunen, Midt- Telemark er siste store prosjekt.

Liv Anne Olafsen .
Som kunstnar nyttar ho tekstilar/dukar/ handarbeid som inspirasjon og som råmateriale. Tekstilane er element frå vår nære fortid, produsert for hand etter oppskrifter og malar. I dag er dei til overs. Materialet blir utforska og bearbeida. Sagt om arbeida: «Sakral og nær vulgær. Tradisjon, som ei gammal god 1800- tals vise inn i ny tid». Atelier på Hurum Brygge.

Bildekunst

Elisabeth Deilhaug
Deilhaug er fødd og oppvaksen i Bø. Ho studerte kunst på gymnaset, seinare Christiania FriAkademi og Swedish Academy of Realist Art.
Elev hjå Odd Nerdrum.
Tok i vår mastergrad i psykologi ved NTNU.
Elisabeth Deilhaug er inspirert av klassisk måleri og skulptur, segn og myter og lyset i naturen. Ho ønskjer at måleria speglar det tidlause i både motiv og uttrykk. Måleria er måla med oljefargar på lerret eller plate, medan teikningane er laga med blyant, eller kol og kritt.

Eva Langhelle
Utdanna ved Statens Høgskole for kunsthandverk og design i Bergen, grunnstudium og hovudfagsstudium.

Bildekunsten:
Jobbar hovudsakeleg med akryl på lerret med ulike reiskapar og  lag på lag der farge, tekstur og lys blir arbeidd fram. Kunstnaren prøver å skape poetiske bildeforteljingar med ei kjensle, eit minne eller eit indre bilde som utgangspunkt. Bilda har ofte naturen som bakteppe med abstraherte, organiske former og stiliserte gjenkjennelege element og figurar. Dualismen mellom det skjøre – råe, sterke – svake, slik kunstnaren finn det i naturen og menneska, interesserer.

Era Leisner:
Bildekunstnar ( f. 1988) med base i Oslo. Utdanna ved kunstakademiet i Edinburgh og Jan Matejko akademiet i Krakow.
Leisner arbeider både med teikning, akvarell og oljemåleri. Teknikken er hovudsakeleg figurativ, med detaljrikdom og ornamentale innslag. Bilda er ein spennande kontrast mellom det kjente og uventa, der menneske og dyr blir skildra på nye måtar utan omgivnader som definerer rommet.  Motiva er inspirerte av tanken om at menneske er i ferd med å definere seg ut frå naturen, og skaper scenario som gir ei kjensle av den avstanden dette fører med seg, og den uungåelege samanhengen som framleis eksisterer mellom tinga.