Kvart år har vi eit arrangement med temaet Rabarbra.
Her er nokre oppskrifter på kaker:
Pana Cotta med rabarbra
Fra «Det søte liv»
Fyrstekake med rabarbra
- 125 g margarin
- 100 g sukker
- 1 egg
- 2 ss mjølk
- 1 ts bakepulver
- Ca. 250 g kveitemjøl
2-3 dl rabarbrasyltetøy
Rør margarin og sukker kvitt. Rør inn egg og mjølk litt etter litt. Sikt på mjøl og bakepulver og elt lett saman til ein jamn deig. Sett deigen kaldt ei stund så han blir betre å arbeide med.
Ta ca. 2/3 av deigen og trykk han jemnt utover og litt oppover kanten av forma. Ha syltetøyet jamnt utover i forma. Kjevle resten av deigen ut til ein ca. 3 mm tykk leiv. Del han i ca. 1-1,5 cm breie strimlar. Fordel strimlane over syltetøyet slik at dei dannar ruter.
Steiketemperatur: 175 oC.
Steiketid: Ca. 45 minutt.
Passar til form 22 cm.
Tilslørte rabarbrajenter
10 porsjonar:
- 10 dl sukkerkavring, fingerkjeks eller tilsvarande
- 7,5 dl sukker
- 2,5 ts kanel
- 5 ss smør 7,5 dl kremfløte
- 2,5 ts vaniljesukker
- Ca. 10 dl rabarbrasyltetøy
Framgangsmåte:
Bland den knuste kavringen eller kjeksen med sukker og kanel, og brun det lett i ei panne med smør. Avkjøl.
Visp kremfløte med vaniljesukker til luftig krem.
Gyllen kavring, vispa krem og rabarbrasyltetøy legg ein lagvis i ei skål eller i porsjonsglas.
Rabarbrakake med vaniljekrem
Ingrediensar:
- 3 egg
- 2,5 dl sukker
- 2,5 ts bakepulver
- 5 dl kveitemjøl
- 1,5 dl matfløte
- 75 g smør
Fyll:
- 5 dl vaniljekrem
- Rabarbra
- Kanel
- Perlesukker
Framgangsmåte:
Pisk egg og sukker til eggedosis. Sikt saman mjøl og bakepulver. Smelt smøret og bland med fløte. Ha det tørre og smør, mjølk vekselvis i eggedosisen.
Ha deigen i ei rund kakeform (26 cm) med bakepapir i botnen. Fordel vaniljekremen over deigen. Skjær rabarbraen i stykke, og legg dei oppå vaniljekremen. Strø over kanel og perlesukker.
Steik kaka midt i omnen ved 180 o C i ca. 60 minutt.
Rabarbrakake i langpanne
- 4 egg
- 400 gram sukker
- 3 dl flytande Melange
- 1.5 dl mjølk
- 300 gram kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 2 ts vaniljesukker
- 2 ss flytende Melange (til pensling)
- 600 gram rabarbra (rensa)
- 2 ss sukker
Slik gjer du:
Varm opp omnen til 180 grader.
Pisk egg og sukker til eggedosis i ein bakebolle. Dette tar ca. 5 minutt.
Tilsett flytande Melange og mjølk, og pisk godt sammen.
Bland sammen kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker, og rør dette inn i eggeblandinga til du har ei jamn og fin røre.
Kle ei lita langpanne (30×22 cm) med bakepapir, og pensle sidene med flytande Melange. Hell røra over i forma.
Kutt rabarbrastilkane i små bitar på cirka 3 cm, og fordel dei jamnt over røra. Lag gjerne eit mønster, om du ønskjer det.
Tips! Vi har laga mønster ved å legge tri og tri rabarbrabitar (som er ca. 3 cm lange) på langs og på tvers.
Strø eit tunt lag sukker over kaka, ca. 2 ss.
Steik rabarbrakaka på midterste rille i cirka 40-45 minutt til ho er gjennomsteikt. Bruk gjerne ein bakepinne for å sjekke om kaka er ferdig. Sit det deig igjen på pinnen, trenger kaka ytterlegare steiking.
Avkjøl rabarbrakaka i forma før servering.
Rabarbrakake med kokos.
300 gram rabarbra kokast saman med 150 gram sukker i 15 minutt. Avkjølast.
250 gram smør
125 gram sukker
rørast kvitt
1 egg
2 eggeplommer
rørats inn litt etter litt
250 gram kveitemjøl
1 ts bakepulver siktast i vekselvis med 1,25 dl mjølk
75 gram kokos i til slutt
Rund form, ca 24 cm.
Steik ved 175 grader i 20 min.
Pisk dei 3 eggekvitene stive og bland inn 1 dl sukker litt etter litt
Tilslutt 4 dl kokos
Ta ut kaka og bre utover rabarbrakompotten.
Bre så marengsen utover rabarbrakompotten.
Steik i 10 min til ved 175 grader.