Kunstnarane 2018

Bildekunst

Røde trær, oljemåleri 60×80 cm

Elling Reitan, hovudutstillar.
Elling Reitan var 33 år da han begynte å måle på alvor. Han tok først ei akademisk utdanning på universitetet i Trondheim og Oslo og studerte litteratur og filosofi.

I 1982 traff han Odd Nerdrum. Det blei innleiinga på ei 5-års læretid. I dag er Reitan ein av dei mest kritikerroste og etterspurte kunstnarane i landet. Han har også fått innpass hos kresne New Yokere. Den fargesterke Reitanstilen er omfamna av mange frå Europa til Asia. Kanskje er det bruken av symbol og symbolikk, i seg sjølv eit internasjonalt språk, som er utslagsgivande, spør han. »Jeg vil at bildene mine skal være en motvekt mot jaget i samfunnet i dag. Vi bombarderes av inntrykk og har det for travelt til å tenke egne tanker. Bildene mine er et tilbud om å stoppe opp.»

Det er kanskje fargane og dei surrealistiske vala av motiv som er mykje av årsaken til suksessen hans; det gåtefulle, litterære og underlege innhaldet.  Du blir fanga av dei klare fargane. Sidan debuten i 1987 har han hatt ei rekke separatutstillingar i inn- og utland m a i New York, Montreal, Hannover, Tokyo i tillegg til Oslo og Trondheim. Han har vore med på fleire internasjonale kollektive utstillingar.

Trine Lindheim
er fødd på Nøtterøy og voks opp der. Ho har budd og arbeidd i Ekely i Oslo sidan 1992.

Lindheim har utdanning frå kunsthøgskolen i Oslo og 5. året ved Statens Kunstakademi, Oslo og Kunstakademiet i Trondheim.

Ho arbeider  med ulike medier som måleri, grafikk og tridimensjonale objekt.

I denne utstillinga viser ho tresnitt. I eit forekla figurativt formspråk presenterer ho allmennmenneskelege tama. Dei har ofte ei fleirsidig tyding der refleksjon kan sleppe til. Bilda blir til gjennom ein prosess med reduksjon og forenkling av form som resultat, forestillingar fortetta til symbol. Ei frukt av denne prosessen reine poetiske uttrykk på grensa.mellom draum og røyndom. Essensen i bilda ligg her, i poesiens grenseland. Ho har vore på ei rad separatutstillingar og kollektivutstillinga  i inne- og utland, utsmykkingsoppdrag og vunne fleire prisar. Ho er m a kjøpt inn av Museet for samtidskunst, Norsk Kulturråd, Statens Konstråd, Stockholm og regjeringsbygget

New dog

Søssa Magnus
bur og arbeider i Oslo. Ho har utdanning frå SHKS, Statens kunstakademi.  Ho har deltatt på ei rekke utstillingar innanlands, hatt fleir utsmykkingsoppdrag. Bilda blir laga på plexiplater. Ho brukar ein varmepenn og smeltar streken ned i plata. Når denne er ferdig, blir plata sverta. Overfødig sverte blir tørka av, og plata er ferdig til trykking.

Hunden som motiv er nært og kjært. Etter mange år med skisser og observasjonar, blei hundens kroppsspråk spennande å jobbe med.

 

 

Skjærgård, oljemåleri 80×110 cm

Odd Skullerud
fødd i Kragerø, men flytta tidleg til Onsøy ved Fredrikstad. Han debuterte som kunstner i 1962, som 19-åring, i regi av Fredrikstad Kunstforening. Han studerte ved Statens Håndverks –kunstindrustiskole 1964 – 67 og Statens kunstakademi 1967 – 71

Skullerud er kjøpt inn av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Norsk kulturråd m m . Har delteke på ei rad utstillingar.  Han er først og fremst landskapsmålar. I måleria legg han stor vekt på abstrakte element, form og farge og likar kontrastar.

 

Bad eagle (hvithodehavørn) Akryl og pastellkritt på lerret 80×80 cm

Gunilla Holm Platou
blei utdanna ved Westerdals reklameskole i 1993 – 1995 og har også kunstutdanning frå Kunst- og design college i Asker frå 1991 – 1993.Har jobba i tre år som designer og AD ved det kjende reklamebyrået Saatchi & Saatchi i Barcelona og Noreg.

I dei siste åra har Platou vekt merksemd med bildeserien « Rødlista» Ei utstilling om truga artar, kva ein gjer for å bevare dei. Hovodfokuset er truga fugleartar. Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar og kunstnarar.

 

 

Kveldsturen, måleri

Marit Bergem
bur og jobbar i Sandefjord. Ho driv galleriet M der ho har bare eigne bilde. Galleriet har ho drive i over 12år.

Ho arbeider med akryl på lerret og litt akvarell. Bilda er fargesterke med ein snert av humor samtidig som dei ofte har ei underliggande meining. Ho formidla reit personleg uttrykk. Inspirasjonen finn ho i livet rundt seg, spesielle situasjonar, barns enkle og ærlege uttryksform og naturen, som eit uendeleg skattkammer.

 

 

 

Olav H. Skjeldal
er utdanna arkitekt og opptatt av byggeskikk og tilpassning til landskap og miljø. Han fekk Sauherads sin kulturprisi 2015  for innsatsen som arkitekt, teiknar og illustratør og sitt engasjement for lokalsamfunnet. Har delteke på fleire utstillingar med teikningane sine.

Kunsthandverk

Kristin Eidem
teiknar med nål og tråd. Eidem er fødd på Hamar i 1945, men voks opp i Oslo Ho har utdanning som keramikar  med diplom frå Bergen Kunsthåndverkskole og har i tillegg vore hospitant ved Vestlandske Kunstakademi og Statens Håndverks -& Kunstindustriskole. Hun har verkstad ved Telemark Sykehus.

Mari Fallet Mosand
bur i Bø. Ho er utdanna ved Raulandsakademiet og driv firmaet Krokvokst. Ho har motteke  Stipendet for husflidshandverkarar i Telemark.

Mosand arbeider med rått tre rett frå skogen og handverktøy. Ho lagar miljøvenlege, unike bruksgjenstandar. Ideane er henta frå fortida, men har nå eit moderne formspråk. Ho seier:«Det som driv meg er både kjærleiken til skogen og materialet tre. Lukta, det harde, men også mjuke, taktile, vakre og levande materialet. Det gjev ei nærleik og kjensle av samanheng å tilverke lokale, unike produkt frå skogen der eg bur».

Vigdis Wiklund
er fød og oppvaksen i Ål. Ho er utdanna lærar og har 2 års fordjuping i keramikk ved høgskulen på Notodden.

I dag bur Wiklund  i Halden  og det er der ho skaper dei forunderlege dyra Sigve Slenge, Bøllekatt, Mathilde, Fruktpiraya o mange fleire. Ho er glad i dyr og lagar personlegdommar av kvart enkelt dyr som ho legg i keramikkomnen.

Gerd Danbolt Svalastog
har hatt kermikkverkstad sidan 1983. Etter å ha prøvd ut ulike leirtypar, brukar ho nå porselen. Den finare strukturen er meir krevjande å arbeide med, men «bonusen» er stor. Etter glasurbrenning på 1255 grader, får ein braukarvenlege produkt. Svalastog  lagar alt frå små skåler og koppar til store fat og krukker. Ho dekorerer med blant anna kobolt, eller begittar utvendig med ulike fargar, for så å risse inn dekoren. I tillegg til bruksting, lagar ho skulpturelle objekt. Svalastog har laga utsmykkingar til Raulandsbadet og Attføringssenteret i Rauland .

Anne-Mari Vardenær Syre
fødd i 1952. Bur på Stathelle.

Arbeidmetode:
Blæs frå smelta glas, 30 liter smelta glas, 1160 grader. Lagar gjerne glas som kan brukast. Nokre glas blir etsa eller sandblåste. Vardenær Syre blir inspirert av natur, reiser, eit måleri, ein fugl med fine fargar. Elles gir flytande glas inspirasjon sjølv. Det er eit fantastisk matriale å jobbe med, seier kunstnaren. Ho er utdanna ingeniør.Har arbeidd med glas i rundt 20 år. Gjekk m a i lære hos Irene Harvik. Nå er det 3 gongen Syre stiller ut i Bø prestegard.