- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Eventyr frå Midt-Telemark
Laurdag 11. okt. kl. 14 – 18
Sundag 12. okt. kl. 12 – 18

Teikningar frå eventyrboka
Her har du 18 spanande og rikt illustrerte eventyr som du aldri har lese før.
Askeladden og brørne hans er med i fleire, men her blir Askeladden kalla Oskefisen. Du kjenner dei nok frå andre eventyr. Trolla er sjølvsagt og med, men kan vera både jutular og rusular. Ho-trollet kallast gyger.
Her er ein sjeldan historie om Snofrid, som er ein heilt spesiell variant av eventyret om Snøhvit. Eventyret om brørne Ålsvart og Ålkvit, og jamvel den vakre Solana kan du lesa om i denne boka.
Det var Moltke Moe som rundt 1880 samla desse eventyra og mykje anna
folkeminne her i Midt-Telemark. Han hadde god hjelp lokalt i Bø, og nokre av eventyra i boka er samla av Halvor H. Nordbø. Etter at dei vart skrive ned, er dei nesten gløymd bort.
Bokslepp i Bø Bok og Papir
Laurdag 11. oktober kl. 12
«Moltke Moe i Bø» v/ Line Esberg
Musikk v/ 0. Aase og J. Rørmark