- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Lerka jubler høyt i sky ringer våren inn på ny
27. april 2025 – 19:00 – 21:00
ALLSONG PÅ PRESTEGARDEN
Det blir ikkje vår før Anne Theie, Torgeir Hefre, Ingunn Flatland og Erling Eriksen har sunge våren inn ilag med oss.
Vi har ein unik sangskatt å ause av, og med denne glade kvartetten blir det garantert ein kveld med god stemning og mykje sangglede.
Vi er heldige som har den gamle prestegarden som samlingsstad. Det blir sjølvsagt pause med tid til kaffe og kaker.
Inngang: kr. 120,-
Hjarteleg velkomne alle og einkvar!