- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Narekollen, ein gong den største hoppbakken i Noreg
19. mars 2024 – 19:00 – 21:00

Universitetslektor Øystein A. Wendelborg har vore redaktør for praktboka Narekollen. Jakten på verdens lengste svev (2020)

.
Det er ei lekker, gjennomillustrert bok, der det blir gjort greie for korleis det vesle idrettslaget Kjapp på Nordagutu bygde den digre bakken Narekollen, i ville skogen. Åpningrennet vart halde i 1934.
I denne hundremeters-bakken vann Hans Kleppen (1907–2009) frå Bø fleire renn. Hans Kleppen er den fremste idrettsutøvaren i Bø til alle tider. Han var med i OL i 1928 og vann bronsemedalje i VM i Zakopane i 1929. Kleppen var drosjesjåfør av yrke, og fekk ikkje alltid trent så mykje han kunne tenkt seg. Ein ekte amatør, altså.
Servering.