- Dette arrangement har allerede funnet sted.
«Så kort ein sommar menneska har». Liv og dikt ved Astrid Holtskog
18. mars 2025 – 19:00 – 21:00

Astrid Holtskog vil fortelje om mor si, lyrikaren Liv Holtskog frå Gvarv.
Liv Holtskog gav ut mange diktsamlingar; nokre av dei med tilknytning til gardsliv og natur i Telemark. Dei som har gått på «Grøne gangar» i Sauherad, den fine stien frå Evju til Gvarv, har kanskje stoppa opp ved dei gamle husa på Tangen like ved elva og lese dikt på veggen der.
Astrid vil dele dikt og forteljingar med oss. Ho er kjent for si gode opplesarstemme og evne til å formidle. Vi gler oss til denne kvelden.
Som vanleg blir det kaffe og kaker servera i stova etter foredraget.
Velkommen!
Inngangspenger kr 120,-