Tolekraft
14 april – 19:00 – 21:00

Me får besøk av Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark. Han har røter i Bø, og foreldra hans, Åsta og Einar, budde i Prestegarden.
Denne kvelden vil Eilev Erikstein reflektere over omgrepet TOLEKRAFT – kva me som menneske treng for å klare oss, korleis me kan styrke vår eiga indre beredskap, og ikkje minst kor avgjerande fellesskap og andre menneske er for oss. Det er dette som ligg i diakonien sitt vesen.
Me er inne i Totalforsvarsåret 2026. Verda har teke nokre skeive svingar i det siste, og både krig og klima uroar oss. Styresmaktene minner oss om kor viktig det er å trene på mental beredskap – og å byggje opp det som trengst for å stå støtt når kvardagen blir utfordrande. Kriselageret må på plass, men det same gjeld dei indre ressursane våre.
Kaffe og kaker.
Inngang kr 150,-
Velkomne!