– Lysbildeforedrag ved Morten Rask Arnesen og Kjell Bitustøyl
Bø og Sauherad kommune slår seg saman til Midt-Telemark kommune frå nyttår av. Det får mange ulike konsekvensar, og det gjev oss eit historisk høve til å sjå med nye briller på Bø og Sauherad som eitt område. Kommunegrensa har aldri vore viktig for fuglane, dei flyg att og fram.
Kan det nye grenslause området skape grobotn for ein ny felles identitet?
Eitt perspektiv kan i alle høve vera å sjå på fuglelivet i den nye kommunen. Kva veit me eigentleg om fuglelivet i Midt-Telemark?
Kva for artar er vanlege, kva for artar er sjeldne?
Har den nye kommunen nokon karakterfuglar?
Kva med fuglelivet i høve til dei ulike årstidene?
Er det store forskjellar mellom Bø og Sauherad?
Har det skjedd endringar frå 1970-tallet og fram til i dag?
Og kan me sjå effektar av klimaendringar?
Dette er nokre av spørsmåla ein vil prøva å gje svar på.
Foredraget med lysbilde vil ta for seg et breitt spekter av artar og setje dei ulike fugleartane i perspektiv i forhold til tid og landskap.
Morten Rask Arnesen (fuglekjennar) og Kjell Bitustøyl (fotograf) har kunnskap om fuglelivet heilt tilbake til 1970-tallet i dei to kommunane.
Kakebasar i Bøsenteret frå kl. 10:00
Eiga innkalling til stiftarane.
Herleik Baklid held foredrag om folkeminnesamlaren M B Landstd
Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

Asbjørn Storesund fortel om Gibø-spel, Myllar-spel og Fykerud-spel
Det blir ei omtale om dei sentrale slåttetradisjonane i Telemark med bilde av gamle spelemenn og med ein del utvalde lydopptak som illustrerer slåttemusikken. Dei eldste tradisjonane vi kjenner i dag, oppstod i Tinn og i Vest-Telemark. Myllarguten og seinare Lars Fykerud fornya telespelet.
I 1880-åra kom konsertspelet, og etter at kappleikane kom rundt 1900, fekk Telemark den eine storspelemannen etter den andre fram til vår tid. Mange av dei gamle danseslåttane blei etter kvart utvikla til musikk på eit høgt kunstnarisk nivå. Eit resymé av dette blir å høyre i Prestegarden.
Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).
Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering og utlodding.
Øyvind Steifetten held foredrag om utfordringar fuglane våre møter i dagens samfunn.
Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).
Eiga innkalling til stiftarane.
Inngang kr. 150.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).
Raking, luking og planting.
Fint om de tek med hagereiskap
Servering.