Arrangement

jun
16
søn
Hagefest og rabarbrafestival i Prestegardshagen
jun 16@13:00-16:00

Bø og Sauherad Hagelag og Stiftinga Bø Prestegard inviterer til hagefest og rabarbrafeltival i Prestegardshagen

I vår har det blitt planta mange nye planter i prestegardshagen. Vi fekk støtte frå Kulturminnefondet og det arbeidet er ferdig nå. Hagen er så absolutt blitt verdt eit besøk og vi gjentar suksessen frå i fjor med Rabarbrafestival!

Det blir konkurranse om beste rabarbrapai eller rabarbrakake og kven kjem med det største rabarbrabladet i år?

Levering i prestegarden før kl 13.30.

Klokka 13.30 blir det diktlesing og kort foredrag om rabarbra.
Dei innkomne kakene blir bedømt etter smak, konsistens og utsjånad.

Dei blir selt etterpå saman med andre kaker og rabarbraprodukt. Kaffe og te.

Du kan få rabarbraoppskrifter.

Vi har og eit lite utsal av planter og det vil bli natursti og aktivitetar for barn i hagen.
Velkomen til store og små!

 

 

jul
6
lør
Kunstutstilling 6. til 21. juli
jul 6@14:00-jul 21@17:00

Off. opning laurdag 6. juli kl. 14.00
Elles ope alle dagar frå kl. 12 – 17. Kafé.

Sjå nærare omtale av utstillarane og utstillinga!

aug
25
søn
Bø gamle kyrkje
aug 25@17:00

Omvising og orientering om historia til gamlekyrkja og korleis ho blei berga ved Finn Rønning

Salmesong ved Jorid Vale.

Kaffi/te og kaker i våpenhuset.

Kollekt

sep
23
man
Kva er DNA og genar, og kva betyr det for meg ?
sep 23@19:00

Foredrag ved  Mona Sæbø

Inngang kr.120, – ( innkl. Kaffi/te og heimebakst)

okt
2
ons
Historia om Høgskolen i Bø
okt 2@19:00

Foredrag ved Olav Rovde.

Inngang kr.120, – ( innkl. Kaffi/te og heimebakst)

okt
6
søn
Medlems- og dugnadsfest
okt 6@17:00

Festgraut med program og utlodding.

Påmelding innan 30. sept til Anne Moe, tlf.35950081/ 95429091
e-post:
anne.moe@internova.no

nov
20
ons
Vatn sett frå litteraturens-, friluftlivets- og kjemiens synspunkt
nov 20@19:00-20:00

Olav Solberg , Bjørn Tordsson og Bjørn Steen

Inngang kr.120, – ( innkl. Kaffi/te og heimebakst)

des
12
tor
Kakebasar i Bøsenteret
des 12@10:00

Kakebasar i Bøsenteret frå kl. 10:00