Årsmøte

Onsdag 29. sept. kl. 19.00

Endeleg tør vi kalle inn til årsmøte i Vennelaget for 2021. Koronaen har gjort at vi stadig
har utsett å kalle inn. Det har vore ei heller vanskeleg tid. Håpar du set av kvelden og blir
med på møtet.

Har de forslag til årsmøtet, send det før 25. sept. til styret ved Anne Moe, Ryevegen 9,
3802 Bø, eller på e-post. Adressa er : anne.moe@internova.no

På årsmøtet skal vi drøfte årsmeldinga som ligg ved.
Elles skal vi ha vanlege årsmøtesaker med m. a. rekneskap, val og fastsetting av
kontingenten for neste år.
Etter dei vanlege årsmøtesakene blir det servering og høve til å kjøpe lodd i kunstlotteriet.

Sakliste på årsmøtet:
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2: Val av møteleiar og referent
Sak 3: Val av 2 til å skrive under protokollen
Sak 4: Årsmelding
Sak 5: Fastsetjing av medlemskontingenten for 2022
Sak 6: Revidert rekneskap
Sak 7: Budsjett
Sak 8: Val : a) styremedlemmer med varamedlemmer, b) revisor, c) valnemnd
Sak 9: Drøfting av planane for komande år
Sak 10: Behandle innkomne forslag

Årsmelding for Vennelaget for Bø Prestegard 2020
På grunn av pandemien har det vore få arrangement og mindre aktivitet enn tidlegare.
Det er gjennomført 6 styremøte og behandla 50 saker.
Årsmøtet blei halde 4. mars med 23 tilstades.

Styret blei einstemmig valt:
Anne Moe, 2020 – 2022
Heidi Solhoff, 2020 – 2022
Ingebjørg Nordbø, 2020 – 2022
Helga Sannes Martinsen, 2019 – 2021
Per Fostervoll, 2019 – 2021
Vara i nummerrekkefølge:
1) Kjell Evju, 2020 – 2022
2) Margit Ryen Steen, 2020 -2022
3) Olav Mandt, 2019 – 2021
4) Hildur Rustgaard, 2020
5) Anne Bjørg Wormsen, 2019 – 2021
Revisor: Nikolai Boye, 2019 – 2021
Valnemnd:
Oddbjørg Nevestveit, 2019 – 2021
Arne Martin Presterud, 2020 – 2021
Gerd Verpe, 2019 – 2021
Programkomiteen våren 2020 har bestått av Helga Sannes Martinsen, Axel Bugge og
Eli Astad,
Gruppa for Sommarutstillinga var: Martha Bjelland Bø, Solveig Torstveit, Anne Moe,
Unni Lunde, Anne Guri Kåsine.
Flott utstilling, bra besøk og godt salg.
Vennelagets representant i Stiftinga har vore Anne Moe.
Pr 01. 01. 2020 er det i alt 50 hovudmedlemmer + 43 familie medlemmer og 1
lagsmedlem.

Medlemskontingenten har vore kr 250,- for enkeltmedlemmer,
Kr 400,- husstandar og kr 500 for lag/organisasjonar.

Dei viktigaste styresakene i året har vore:
Arbeid med ajourføring av vaktmeisterlista.
Ansvaret for dei ulike arrangementa, og gjennomføring av disse i samarbeid med
Stiftinga
Økonomisk oversyn, og nødvendige innkjøp.
Ansvar for utleige av lokala i 1. etasje og hyblane i 2. etasje.
Opplegg for dugnadsarbeid og oppgradering av hagen.

Av gjennomførte arrangement i året nemner ein:
Onsdag 29. januar: Herleik Baklid, M. B. Landsstad og folketradisjonen.
Onsdag 26. februar: Asbjørn Storesund, Om hardingfelespelarar frå Telemark.
Onsdag 4. mars: Årsmøte i Vennelaget for Bø Prestegard.
Laurdag 13. juni: Rabarbrafestival.
Resten av det planlagte programmet måtte utsettast da me ikkje kunne sikre avstand i
lokala våre.

Dugnadsinnsatsen må nemnast spesielt. Mange har bidratt på ulike vis. Ute med
plenklipping, brøyting og anna vedlikehald, og inne med administrasjon, baking,
reinhald osv.
Det har blitt lagt ned svært mykje dugnadsarbeid i hagen.
Me var heldige å få arv etter Alv Sudvatne. Pengane blei bruka til å nedbetale all gjeld.
Me er svært takksame for dette.

Det har nesten ikkje vore utleige av lokala i fyrste etasje. Det opna for oppussing av det
gamle toalettet og bygging av handikapptoalett.

Leiaren i styret, Anne Moe, har leia styremøta og lagt ned stort arbeid i førebuing og
organisering.
Vennelaget har i år mottatt gamalt golvur i Bornholmstil.
Vennelaget takkar alle for gåver, dugnadsarbeid og positiv interesse gjennom året.

Bø den 03. februar 2021.
For styret i Vennelaget for Bø Prestegard
Ingebjørg Nordbø, sekretær