Hardingfelespelarar frå Telemark

Når:
26. februar 2020@19:00
2020-02-26T19:00:00+01:00
2020-02-26T19:15:00+01:00
Hvor:
Bø Prestegard
Prestevegen 4
Pris:
120
Halvor Flatland og Lars Fykerud
Halvor Flatland og Lars Fykerud

Asbjørn Storesund fortel om Gibø-spel, Myllar-spel og Fykerud-spel 

Det blir ei omtale om dei sentrale slåttetradisjonane i Telemark med bilde av gamle spelemenn og med ein del utvalde lydopptak som illustrerer slåttemusikken. Dei eldste tradisjonane vi kjenner i dag, oppstod i Tinn og i Vest-Telemark. Myllarguten og seinare Lars Fykerud fornya telespelet.

I 1880-åra kom konsertspelet, og etter at kappleikane kom rundt 1900, fekk Telemark den eine storspelemannen etter den andre fram til vår tid. Mange av dei gamle danseslåttane blei etter kvart utvikla til musikk på eit høgt kunstnarisk nivå. Eit resymé av dette blir å høyre i Prestegarden.

Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).