Hagefest og rabarbrafestival i Prestegardshagen

Når:
16. juni 2019@13:00-16:00
2019-06-16T13:00:00+02:00
2019-06-16T16:00:00+02:00

Bø og Sauherad Hagelag og Stiftinga Bø Prestegard inviterer til hagefest og rabarbrafeltival i Prestegardshagen

I vår har det blitt planta mange nye planter i prestegardshagen. Vi fekk støtte frå Kulturminnefondet og det arbeidet er ferdig nå. Hagen er så absolutt blitt verdt eit besøk og vi gjentar suksessen frå i fjor med Rabarbrafestival!

Det blir konkurranse om beste rabarbrapai eller rabarbrakake og kven kjem med det største rabarbrabladet i år?

Levering i prestegarden før kl 13.30.

Klokka 13.30 blir det diktlesing og kort foredrag om rabarbra.
Dei innkomne kakene blir bedømt etter smak, konsistens og utsjånad.

Dei blir selt etterpå saman med andre kaker og rabarbraprodukt. Kaffe og te.

Du kan få rabarbraoppskrifter.

Vi har og eit lite utsal av planter og det vil bli natursti og aktivitetar for barn i hagen.
Velkomen til store og små!