Arrangement

ARRANGEMENT

 

Program våren 2018 i Bø Prestegard

 

Onsdag 21.februar kl. 19.00:

Årsmøte i Vennelaget for Bø Prestegard.

Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering og utlodding.

 

Tysdag 13. mars kl. 19.00:

Foredrag om Carl von Linné ved Ulf Vege

Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

 

Onsdag 21. mars kl. 19.00:

Representantskapsmøte i Stiftinga Bø Prestegard.

Eiga innkalling til stiftarane.

 

Tysdag 10. april kl. 19.00:

Foredrag om Aa. O. Vinje ved Olav Solberg. Det er 200 år sidan Vinje blei fødd.

Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

 

Onsdag 25. april kl. 19.00:

Songkveld med Anne Theie, Erling Eriksen og Torgeir Hefre.

Inngang kr. 150.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

 

Søndag 6. mai kl. 13:

Forfattarmøte

Arr: Bøker i Bø. Sjå nærare kunngering.

 

Måndag 7. mai, 14. mai, 28. mai, 4. juni, 11. juni og 18. juni frå kl. 17 - 19

Dugnad i hagen

Raking, luking, planting og steinarbeid.

Fint om du tek med hagereiskap.

Servering

 

Torsdag 17. mai frå kl. 12.30 – 15.30:

Ope hus i prestegarden.

Servering av lapskaus (kr. 110), blautkake og kaffi/te

 

Måndag 21. mai ( 2. pinsedag) Pilegrimsvandring

Pilegrimsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje.

Vandringa går om Evju bygdetun, Hørte Dampfarveri, Bø Museum og Prestegarden. Prestegarden har ope for sal av kaffimat frå kl. 13 - 16.30. Sjå nærare kunngjering.

 

Onsdag 23. mai kl 19.00

«Shame on you»

Å vere eit alminneleg menneske i ein

krevande krav- og prestasjonskultur.

Gunnar Fagerli innleier til samtale.

Inngang kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

Samarbeid med Telemark Kyrkjeakademi.

 

Laurdag 9. juni kl. 15.00

Rabarbrafestival med program

kr. 120.- (inkl. kaffi/te og heimebakst).

 

Søndag 17.juni kl. 17.00

Grieg - konsert med Marit Berge, Janne Brudvik Villa og Lise Mette Møllerbråten.

Inngang kr 150,- (inkl. kaffi/te og heimebakst)

 

Søndag 24. juni frå kl. 11 – 15

Open hage i prestegarden

Arr.: Bø- og Sauherad hagelag og Stiftinga Bø Prestegard

Sjå nærare kunngjering

 

Sommarutstilling frå 7. juli – 22.. juli Off. opning laurdag 7. juli kl. 14. Elles ope alle dagar frå kl. 12 – 18. Kafé.

Sjå nærare omtale av utstillarane og utstillinga!

 

 

 

 

 

 

 

Bø Prestegard 9. april 2013.

Bø Prestegard * mailto:post@boprestegard.no