Heim

HEIM

I mange hundre år var prestegarden Holmen prestebustad i Bø. Nå er denne perioden over. Ein kan sjå det som sluttsteinen i ein prosess som byrja kring 1900, da presten ikkje lenger dreiv garden sjølv. Noko seinare vart så jord- og skogeigedomane selde unna, og gardshus vart rivne.Bare det gamle tunet med hovudbygning, stabbur og hage var igjen. Men kva ville skje med dei gamle prestegardsbygningane og tunet når presten flytte ut? Eit folkemøte kravde at Bø Prestegard ikkje skulle seljast til høgstbydande, men framleis vere ein møtestad for folk i bygda. Det vart forhandla med Opplysningsvesenets Fond om kjøp av prestegarden, og Stiftinga Bø Prestegard vart etablert i 2006. Stiftinga har bl.a. som formål å ta vare på Bø Prestegard "som del av den lokale kulturarven og som kulturminne [...] og nytte han til kulturelle føremål".

 

Det gamle namnet på Bø Prestegard er Holmen. Det er eit gammalt gardsnamn og tyder ei lita høgd i landskapet. På same nivå som Holmen ligg dei to Bø-kyrkjene, den eine ei steinkyrkje frå mellomalderen, og den andre, ei trekyrkje frå om lag 1870 - mens prestvegen følgjer lendet mellom kyrkje og prestegard, ned i dalen og opp att på andre sida. Det er grunn til å tru at Holmen har vore prestegard svært lenge, og i alle høve frå mellomalderen; den første gong garden er nemnd, er i biskop Eystein Aslakssons jordebok frå 1390-åra (?Raudeboka?).

 

Etter kvart skaffa prestane seg gardar og gardpartar i bygda. Dette gav prestegarden eit skikkeleg økonomisk grunnlag, men det førte også til strid og rettsaker.Snart var prestegarden ein av dei største gardane i bygda, på det meste 900 mål innmark. Gardane Kleppen og Hasarud vart tidleg lagt under prestegarden., og heile området som i dag er Bø sentrum.

 

Åsmundsskogen var utkantområdet til prestegarden. På Lifjell høyrde dei to setrane, Oksla og Vihus til. Vihus var såkalla " heimeseter". Dit drog seterjentene med buskapen så snart graset grønskast og lauvet spratt. Utpå sommaren flytte dei lengre til fjells, til Oksla.

 

Hovudbygningen på Bø Prestegard er sett saman av to tømrer, som er bundne saman med ein stor gang og eit rom i bakkant. Den eldste tømmerbygningen er frå slutten av 1600-talet, og den andre frå midten av 1700-talet. Nåverande ytterkledning er frå om lag 1910. Den andre gamle bygningen i prestegardstunet er stabburet, eller stolbua. Alderen er uviss. I alle høve er prestegardsbygningane særleg verneverdige, for det finst få slike bygningar av denne typen i ei jordbruksbygd som Bø. Verneverdig er sjølvsagt også prestegardstunet og prestevegen mellom Holmen og Bø-haugen der kyrkjene ligg.

Bø Prestegard.

Bø Prestegard mot Bø kjørkje.

Frå Prestegarden mot Bø kyrkje

Bø Prestegard * mailto:post@boprestegard.no